Ombygging av sentralkjøkkenet

Klikk for stort bileteSentralkjøkkenet ved Volda omsorgssenter vil vere stengd ei tid framover på grunn av ombygging.

Kantina ved omsorgssenteret vil derfor verte stengd frå veke 34 (frå 19. august). Det er venta at kantina vil vere stengd i om lag tre månadar.

Meir informasjon om nøyaktig nyopning vil sentralkjøkkenet kome attende til seinare i haust.

Ombygginga skjer i samband med omlegginga av drifta, der kjøkkenet går bort frå "kok-kjøl"-prinsippet, der ein har kjølt ned mat for seinare servering, til "kok-server"-prinsippet.

Det betyr at etter ombygginga vert mat servert rykande fersk rett etter den har vorte laga.

Kontakt

Ingunn Gjengedal
assisterande helse- og omsorgssjef
E-post
Telefon 70 07 84 45
Mobil 924 36 245