Omlegging frå analoge til digitale tryggleiksalarmar

Klikk for stort bileteKommunen har gjennom mange år nytta analoge tryggleiksalarmar. Desse skal no fasast ut til fordel for nye, digitale alarmar.

Saman med kommunar frå Ålesundsregionen og sjustjernesamarbeidet på søre Sunnmøre, har kommunen vore med i felles anbod på kjøp av digitale alarmar og ei såkalla plattform desse nye alarmane skal kommunisere mot.

Anbodet er gjennomført og installasjon av plattforma er i gang. Det tek 2- 3 månader før den nye ordninga kan nyttast. Ventetida har vore utfordrande med tanke på at dei gamla analoge alarmane ikkje har blitt erstatta i påvente av innføring av nye digitale alarmar.

Redusert antal alarmar har medført eit aukande press på tildeling av alarmar. Helse- og omsorgssektoren skulle gjerne ha tildelt langt fleire personar alarm, det er også viktig i forhold til ynsket om at folk skal kunne bu heime så lenge som råd.

I påvente av at den nye ordninga er klar til å bli brukt, vurderer vi no ei mellomløysing med omforming av dei digitale signala til analoge signal.

På den måten kan ein ta i bruk dei nye alarmane med begrensa funksjon, men likevel tilstrekkeleg til at dei kan nyttast som tryggleiksalarm.

Vi er lei for at denne overgangen frå analoge til digitale alarmar har tatt så lang tid, og at einskilde som har hatt ynskje om alarm, ikkje har fått tildelt slik.

Når løysinga med dei digitale alarmane er fullt oppe og går, vil kommunen målretta nytte teknologien som eit viktig bidrag for at folk skal kunne bu heime og føle seg trygge så lenge som råd.