Områderegulering for Grodås sentrum Planid 2020002

Kart over Grodås - Klikk for stort bilete I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette om oppstart av arbeid med områderegulering for Grodås sentrum og tilgrensande areal.

Hornindal kommune la i 2016 ut, forslag til områderegulering for Grodås sentrum og tilgrensande areal på Kyrkjhorn, til offentleg ettersyn og høyring. Då planlegginga har strekt seg over tid, vert planarbeidet varsla på nytt. Planområdet er utvida mot sør og strekk seg frå sør om Vikaelva, Nyland bustadfelt og austre side av Lidavegen i aust, til Kyrkjhornelva i nord(vestover til Kvivsvegen), og langs tidlegare plangrense over gnr. 205, bnr. 7 til midtlinja i Storelva. Her i frå går plangrensa i Storelva ut i Hornindalsvatnet, og vidare sørover mot Svorastranda.

I planområdet vil det bli lagt til rette for areal til forretningar, kontor, off./ privat tenesteyting, bensinstasjon, hotell, bustader/ omsorgsbustader, vegar, gang- og sykkelvegar, parkeringsareal, friområde m.m. Reguleringsplanen vil i stor grad vere i samsvar med kommuneplanen sin arealdel for Hornindal kommune og det vert ikkje utarbeidd konsekvensutgreiing.  

Skriftlege innspel til planarbeidet skal sendast til: Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller på epost til postmottak@volda.kommune.no innan 14.08.2020.

Kontakt

Heidi Istad
planleggar
E-post
Mobil 469 15 455