Ønskjer du å TA TAK?

F.v.: Marita Øye, Kari Bjerkeng Grong, Geir Sæther og Synnøve Takseth - Klikk for stort bileteDei som held kurset er f.v.: Marita Øye, Kari Bjerkeng Grong, Geir Sæther og Synnøve Takseth  Ta Tak er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med si psykiske helse og/eller rusmiddelavhengigheit.

Kurset TA TAK er gratis og går over 6 kveldar, med ein kurskveld i veka.

Tema på kurskveldane:

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Det er to innlegg på kvar kurskveld – eitt frå fagpersonar frå kommune eller 2.-linjetenesta og eitt frå personar som deler sine eigne erfaringar.

Kurset vert halde på Prestegården i Volda onsdagar kl.18 - 20 med oppstart 16.09.20.

Informasjon og påmelding

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt innan 01.09.20:

Synnøve Takseth, tlf. 95898300   synnove.takseth@volda.kommune.no     

Marita Øye, tlf.  91246379           marita.oye@volda.kommune.no

Kari Grong, tlf. 46821748            kari.bjerkeng.grong@volda.kommune.no 

Geir Sæther, tlf. 912 46 890       geir.sater@volda.kommune.no

 

Arrangør: Volda kommune i samarbeid Ulstein, Hareid, Herøy, Vanylven, Sande og Ørsta kommunar,  Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus), Ålesund behandlingssenter og DPS.

Informasjonsark for utskrift. (PDF, 514 kB)