Opningstider ved omsorgssenteret i sommar

Klikk for stort bileteSommaren 2019 har resepsjonen ved Volda omsorgssenter avgrensa opningstid.

I veke 27, 28 og 29 (veka frå 1-21. juli) har resepsjonen ope kvar dag.

Veke 30 og 31 (veka frå 22. juli - 4. august) er resepsjonen stengd.

Veke 32 og 33 (veka frå 5-18. august) er resepsjonen ope måndag og torsdag.

For eventuelle spørsmål, ta kontakt med tildelingskontoret i 1. etasje på omsorgssenteret mellom klokka 10-14.