Oppdatering om Volda Campus Arena for juni månad

Bilete frå bygginga av Volda Campus Arena, datert juni 2020 - Klikk for stort bilete Pål Are Vadstein Prosjektleiar for Volda Campus Arena har oppdatert status om byggeprosjektet. 

No har idrettshallen nådd den sentrale milepælen "tett bygg", og dette vart feira med kranselag onsdag 24.06, med flagget til topps, slik tradisjonen for ein slik dag tilseier. Ei hyggeleg og viktig markering for alle som arbeider på byggeplass og elles er involvert i prosjektet på andre måtar. Som prosjektleiar for totalentreprenøren sa i talen, så er altså 80 % av deira underentreprenørar frå vår region. Dette er svært gledelege tal. I tillegg til at det gir lokal verdiskaping, så er det ein fordel å ha leverandørane i umiddelbar nærleik når ein kjem over i driftsfasen av anlegget.

 

Med tett bygg seier det seg sjølv at det no er full aktivitet innvendig i bygget. Det er muring og flislegging, maling, elektroinstallasjonar, ventilasjonsarbeid, oppsetting av innerveggar, rørlegging, gulvavretting og mykje meir. Dette føregår over heile bygget, høgt og lavt over alle etasjar.

 

Røysing av klatrehallen vart starta opp denne månaden. Veggelement, takelement og det aller meste av glasfasadene er på plass. Gulvstøyp takast denne veka. Mesaninen og innvendige veggar i klatrehallen takast i månadskiftet juli-august.

 

I parkeringskjellaren har no tak og veggar har vorte malt. I plan 1 på speleflatene er gulvet støypt. Det neste som skal skje der er å legge banedekket i august. På dei faste tribunene har det vore flytavretting av gulv, og ut i neste månad startar arbeidet med tribunerekkverk. I garderobene har det vore førebuande arbeid for flislegging. Rørleggar har fortløpande arbeid med sanitæranlegg. I styrkerommet er veggar røyst og sparkling pågår.

 

I hovudplanet pågår rominndeling, der det skal kome både entré, kontor, caféareal, lager m.m. For elektro har det vore arbeid med kabelbruer og kabeltrekking. Stor montasje i halltak med lyssetjing og straumføring. Ventilasjonsentreprenør har montert dukkanalar i halltak, og har elles løpande kanalmontasje gjennom veggar i heile bygget.

 

Utvendig er det gravd grøft for ny vassleidning og det har vore arbeid med Djupegrova der den skal svinge ned mot Røystunvegen. For betongfaget har det vore ferdigstilling av forstøtningsmurar mot parkeringskjellar og port inn til hallflater, i tillegg til støyp av fundament og ringmur for klatrehall. No pågår arbeid med trapp og rampe ved byggets inngangsparti mot aust. Diverse fundament, som t.d. til sykkelskur, er prefabrikert og klar for seinare montasje.

 

Det vil vere drift på byggeplassen gjennom heile sommaren. Dei ulike entreprenørane avviklar ferie ulikt, slik at det vil vere dagleg aktivtet her i større og mindre grad. Riktig god sommar til alle som arbeider med hallen og til alle som følgjer med på bygginga.