Oppdatert status om koronasituasjonen 21.02.21

Klikk for stort bilete CDC, Alissa Eckert Volda kommune har fått svar på analysen av koronaprøven som vart tatt 19.02.21. Det er ikkje påvist mutert variant av koronavirus.

Status 21.02.21

Volda kommune har fått svar på analysen av koronaprøven som vart tatt 19.02.21. Det er ikkje påvist mutert variant av koronavirus. Det er ikkje 501Y.V1-3 (frå England, Afrika til Brasil).

Status om koronasituasjonen 19.02.21, kl 21.45 - nytt smittetilfelle

Volda kommune har i kveld fått meldt om eit nytt positivt tilfelle av covid-19. Personen var i reisekarantene etter retur frå utlandet 12. februar.

Personen hadde ikkje symptom då testen vart tatt i dag 19. februar. Det er valt skjerpa tiltak inntil avklart mutasjonsanalyse. Nærkontaktar er sett i karantene. Samtlige er lokalisert i Volda. Situasjonen ser førebles ut til å vere under kontroll, men den blir følgt tett. 

Kontaktperson for media: Ordførar Sølvi Dimmen, tlf.: 996 27 876, e-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no