Oppheving av kokevarsel på Dravlaus

Vatn - Klikk for stort bileteTeknisk vakt meldte fredag 16.07.21, kl 14.20, at kokepåbodet på Dravlaus er oppheva.

Begge drikkevassprøvene som vart tekne på Dravlaus etter påvisinga av E-coli er analyserte og viser at drikkevatnet er friskmeldt. Det er dermed ikkje lenger naudsynt å koke drikkevatnet for abonnentar tilknytt Dravlaus vassverk.

 

14.07.21 sendte kommunen ut denne meldinga:

"Det er påvist e.coli i det kommunale drikkevatnet på Dravlaus etter ei rutineprøve.

Det er påvist e.coli i det kommunale drikkevatnet på Dravlaus etter ei rutineprøve. Det betyr at det blir kokepåbod av vatnet inntil vi har tatt to nye prøver som vert godkjent. Vatn og avløp vil straks sette i verk tiltak og arbeider med å betre vasskvaliteten.

For råd om kva ein gjer ved kokepåbod syner vi til FHI sine rettningsline, sjå lenke https://www.fhi.no/ml/drikkevann/rad/kokevarsel/

Det vil bli oppdatert etter kvart som vi får svar på dei nye vassprøvene. Vatnet blir tidlegast godkjent fredag 16. juli melder avdeling vatn og avløp i Volda kommune.

Teknisk vakttelefon vatn og avløp: 901 78 008".