Oppstart 3. vaksinedose

Bilete av Gitte Edvardsen leiar på Volda helsestasjon og  sjukepleiar Marit Lausnes Oddekalv som trekk opp koronavaksine - Klikk for stort bileteBilete av Gitte Edvardsen leiar på Volda helsestasjon og sjukepleiar Marit Lausnes Oddekalv som trekk opp koronavaksine.Volda kommune startar vaksinering av 3. dose for dei over 65 år komande veke.

Personar over 65 år har blitt innkalla til 3. vaksinedose ein av desse dagane:

  • 24. og 25. november
  • 1. og 2. desember

Når du får tilsendt varsel om time må du gå inn på helsenorge.no og bekrefte timen din. Du kan sende e-kontakt på Helsenorge (Volda vaksinasjon) eller ta kontakt på vaksinetelefonen 70 05 89 65

Desse må bestille tid sjølv:

  • Personar som ønsker første eller andre dose koronavaksine
  • Personar under 65 år som er i ei risikogruppe 
  • Personar over 65 år som av ulike årsaker ikkje har fått innkalling

Det skal vere minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Dei som treng å endre time kan gjere det på fleire måtar:

Bruk Helsenorge.no til å finne ledige timar. Du kan også sende E-kontakt under dine helsekontakter på Helsenorge (Volda vaksinasjon). Du kan ta kontakt på telefon 70 05 89 65 for å bestille eller endre tid. 

  • Oppmøtestad: Gamle Voldahallen
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte 
  • Må du flytte timen ringer du 70 05 89 65  kvardagar kl 11-15. 
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Det er gratis å ta koronavaksine

Frå 7. september vart det opna for sjølvbooking av vaksineringstime for aldersgruppene 12–17 år og eldre via Helsenorge

Vaksinasjonstelefonen 70 05 89 65 har opningstid kl 11-15  

 

Neste (opne) vaksinedag for koronavaksine:

  • Torsdag 16. desember i veke 50

Meir om risikogruppene:

I dette informasjonsskrivet frå FHI kan du lese meir om gjennomføring av dose 3-vaksinasjon til særskilde grupper.(PDF, 244 kB)

Her finn du ytterlegare informasjon frå FHI om 3. dose.(PDF, 200 kB)

Du kan også lese meir om dette temaet på nettsida til FHI her.

Bilete av Gitte Edvardsen, leiar på Volda helsestasjon og  helsesjukepleiar Hilde Ørstavik Lundberg. - Klikk for stort bileteBilete av Gitte Edvardsen, leiar på Volda helsestasjon og helsesjukepleiar Hilde Ørstavik Lundberg. 

Bilete av Gitte Edvardsen, Volda kommune sin nye  leiar på helsestasjonen ser til at vaksinearbeidet går trygt og forsvarleg føre seg. Her i samtale med ein av dei trufaste frivillige, Aud Osdal frå Sanitetslaget. - Klikk for stort bileteGitte Edvardsen, Volda kommune sin nye leiar på helsestasjonen ser til at vaksinearbeidet går trygt og forsvarleg føre seg. Her i samtale med ein av dei trufaste frivillige, Aud Osdal frå Sanitetslaget.