Oppstart av gravearbeid i inste delen av Myravegen

Informasjon.
Det er starta opp med graving i innste del av Myravegen, frå krysset ved Rotsetgeila, og fram til parkeringa ved Leirshaugen Gravplass.
Vi ber publikum om å respektere oppsatt skilting og merking, samt vise varsemd for anleggsmaskiner/-bilar og det pågåande arbeidet.


Gravearbeid mot gravplassen - Klikk for stort bilete

Det er Volda Maskin som utfører arbeidet, på vegner av Volda kommune. Det skal gravast ei grøft på nedsida av vegen, der det skal  leggast ein såkalla OPI-kanal (sjå www.opi.no). Etterkvart som det vert lagt trekkerør i kanalen, vil den verte fyllt med betong, før grøfta vert tilbakefyllt. Arbeidet vert starta i krysset ved Rotsetgeila, og ein jobbar seg fortløpande mot Leirshaugen. Det er beregna at arbeidet er ferdig til midten av desember.

Arbeidet som vert gjort, er bl.a. ein del av den pågåande oppgraderinga av straumforsyninga, som Mørenett held på med. Resten av arbeidet med denne delen av vegen; oppgradering av vatn og avløp (V/A), vert oppstarta i mars neste år, og ferdigstillt med ny asfaltering i slutten på august.

Vi ber publikum om å respektere oppsatt skilting og merking, samt vise varsemd for anleggsmaskiner/-bilar og det pågåande arbeidet.

Det er lagt opp til at vegen skal vere åpen under arbeidet, samt at det ved gravferder vil det vere stillstand i arbeidet.