Orienteringsmøte om reguleringsplan for Volda ungdomsskule

Klikk for stort bileteI samband med offentleg ettersyn av planforslaget ønskjer Volda kommune å halde eit orienteringsmøte om reguleringsarbeidet og innhaldet i reguleringsplanen.

Møtet vert halde i formannskapssalen på Volda rådhus (møterom Voldsfjorden), torsdag 23. januar frå kl. 18.00.

På møtet vert det halde ei kort orientering på om lag 15-20 minutt om reguleringsarbeidet og innhaldet i planforslaget frå planleggjar Erlend Sporstøl Vikestrand.

Kommunalsjef Jarl Martin Møller og prosjektleiar Siri Birkeland Solheim vil også vere til stades. Etter orienteringa vert det lagt opp til spørsmål og diskusjon kring reguleringsarbeidet.

Vi minner om fristen for å kome med innspel til planforslaget som er sett til 7. februar 2020.

I tilfelle du ynskjer ein påminnar, har vi oppretta ei Facebook-hending for møtet.

Kontakt

Erlend Sporstøl Vikestrand
planleggar
E-post
Mobil 941 59 680