Orienterte om budsjettet for 2019

Rune Sjurgard budsjett - Klikk for stort bilete Måndag heldt Volda kommune folkemøte for å diskutere budsjettet for 2019.

I administrasjonen sitt framlegg til budsjett for 2019, opplyste rådmann Rune Sjurgard at det no vert eit politisk val korleis ein ønskjer at Volda skal vere i framtida.

- Dette handlar om eit politisk vegval om ein vil konsolidere og behalde dagens tenesteprioritering, eller om ein vil skape eit handlingsrom for å ruste opp tenestene med ny eller rehabilitert ungdomsskule, barnehage i sentrum, svømmehall, idrettshall og kutlurhus, skriv rådmannen i sine forord til budsjettet.

Framlegget frå Sjurgard påpeikar at administrasjonen, i sitt framlegg, har innarbeidd dei investeringane kommunestyret etter gjeldande økonomiplan har som intensjon å gjennomføre. Det er eit stort investeringsbehov. 

Likevel er rådmannen klar på at dersom ein ønskjer å gå for desse investeringane, må ein gjere grep for å vri ressursbruken i kommunen for å få endane til å møtast.

- Det er ikkje forsvarleg å både investere i så store tiltak i tillegg til å behalde dagens tenesteprioritering, forklarte Sjurgard.

Dyr kommunedrift

Økonomisjef i Volda kommune, Kari Mette Sundgot, gjekk gjennom dei overordna inntektene og utgiftene i budsjettet som administrasjonen har lagt fram.

- Vi ser at Volda kommune er om lag 2 prosent dyrare å drifte enn ei gjennomsnittskommune, forklarte Sundgot. 

Budsjettpostane Grunnskule og Hjelp, pleie og omsorg til heimebuande står for dei to største utgiftspostane i budsjettet, med Barnehage på tredjeplass. 

- På grunn av mange skular og barnehagar prioriterer kommunen høg ressursbruk på drift av barnehage og grunnskule der utgiftsbehovet ut frå demografien går ned. Dette bind opp ressursar som ein treng for å dekkje opp eit aukande tenestebehov i omsorgstenestene, påpeikar rådmannen.

- Endring er heilt nødvendig for å skape utvikling. Utfordringa er at alle endringar har ibuande konflikt i seg. Dersom kommunestyret vil gjere store investeringar med auka renter og avdrag, så må administrasjonen forklare konsekvensane og kome med forslag til dekning som røyver ved særinteresser, legg Sjurgard til.

Kva skjer framover?

Partia og innbyggjarar fekk i andre halvdel av folkemøtet på måndag høve til å gi uttale og kome med tilbakemeldingar til budsjettet som administrasjonen hadde lagt fram.

Formannskapet innstiller til kommunestyret den 27. november og gjer vedtak om å leggje budsjettet og økonomiplanen ut til offentleg ettersyn.

Interessenter kan kome med uttale til kommunestyret som den 13. desember skal gjere endeleg vedtak om budsjett for 2019 og økonomiplan for den komande fireårsperioden.  

Om du vil sjå folkemøtet på nytt, kan du gjere dette her: Folkemøte - Årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019-2022