Overlevering av jordmorstetoskop

Jordmor Anne Årsnes Skrede overrekker jordmorstetoskopet til ny jordmor Bodil Ljones - Klikk for stort bilete

Overlevering av jordmorstetoskop etter 23 år i teneste.

Jordmor på helsestasjonen gjennom dei siste 23 åra, Anne Årsnes Skrede, overleverte jordmorstetoskopet og arbeidsoppgåvene sine til nytilsett jordmor. Det er Bodil Ljones som no tek til i denne stillinga etter at Anne Årsnes Skrede pensjonerte seg. 

Bodil Ljones har arbeidd som jordmor sidan 1990, så ho også har lang erfaring som jordmor. Ho har arbeidd både i kommune og på sjukehus. Ljones er tilsett i 80% stilling på helsestasjonen i Volda.

Ragnhild Brautaset er tilsett i 20% prosjektstilling. Denne stillinga er eit ledd i "Tidleg heimbesøk" prosjektet, der ho skal prioritere arbeidet med heimebesøk til nyfødde.

Anne Årsnes Skrede starta i jordmorstillinga i kommunen 1. september 1995. Då var stillinga heilt nyoppretta i samband med at det kom ny lov som sa at alle kommunar skal ha jordmor. Skrede slutta i stillinga 1. september 2018 og har dermed vore jordmor i 23 år i Volda kommune.

Vi ynskjer Anne Årsnes Skrede lykke til som pensjonist også ynskjer vi Bodil Ljones og Ragnhild Brautaset velkomne til Volda kommune.