Pandemivaksinering  - ja eller nei

Klikk for stort bilete

I Volda har vi no starta innkalling av personar i gruppa 64 – 55 år. Vi minner om at alle som får innkalling MÅ bekrefte timen sin.

Vaksinasjonsteamet er glade for at vi er komne så langt. For at vaksineringa skal gå raskast mogleg, treng vi at alle innbyggarane bidreg.

Denne veka er 704 personar i Volda innkalla til vaksinering av 1. eller 2. dose. Slik innkalling kjem ca 1 veke før vaksinetimen og skal gje god tid for alle til å svare på innkallinga/stadfeste eller avlyse timen.

I sommar vil det bli slik:

  • Alle doser skal brukast på oppsett vaksinedag
  • Avlyste timar vert tildelt andre innanfor aktuell gruppe.
  • Timar som ikkje vert bekrefta innan mandagen same veke, vert avbestilt og personen vert sett på venteliste på ubestemt tid. Den enkelte må då sjølv ta kontakt med vaksinetelefonen for å kome inn i køa igjen.
  • Det er mogleg å utsette timen ved å logge inn på helsenorge.no. 
  • Innkalla personar framover er stort sett i arbeid. Vi ber om at ein strekkjer seg langt for å kunne møte til oppsett time. Dette er eit samfunnsansvar og vaksinasjonen i kommunen har liten slingringsmonn. Håper for forståing for at vi må følgje ei stram linje her.

 

Prioriteringsgruppene

Nasjonale myndigheiter har bestemt kven som skal få vaksine først.