Illustrasjon
Volda og Ørsta kommune i samarbeid med Volda/Ørsta og Hornindal demensforeining tilbyr pårørandeskule for pårørande eller andre nærpersonar til nokon som har demens. Kurstilbodet er primært retta mot pårørande til heimebuande personar med demens.
Kvar samling varar i inntil tre timar og har faglege innlegg og tid til samtalar og spørsmål. Det vert også pause med kaffi og enkel servering.
Kursstad hausten 2024 er Uppheim, Gymnasvegen 6, 6102 Volda. Kurset går over fire mandagskveldar og er gratis.
Påmelding
Digital påmelding innan søndag 13. oktober via skjema: Påmeldingsskjema
Dersom det blir vanskelig å kome frå for å delta, kan du ta kontakt med teamet i din kommune:
Volda hukommelsesteam 90 82 26 27
Ørsta demenskoordinator 91 11 35 78
Ved spørsmål til sjølve kurset, kontakt: Bodil Skare på tlf 95 90 64 93
Innhald
Første samling / Måndag 14. oktober kl. 18.00–21.30
- Om demens og konsekvensar av sjukdomen. Linda Gramshaug Fonseca (geriater og sjukeheimsoverlege)
- Friskliv og fysisk aktivitet - også for personar med demens! Karen Øie (frisklivskoordinator i Ørsta kommune)
Andre samling / Måndag 21. oktober kl. 18.00–21.30
- Kommunikasjon og samhandling med personer med demens. Mariann Vattøy (sjukepleiar, diakon og pårørande)
Tredje samling / Måndag 28. oktober kl. 18.00–21.30:
- Pårørandeerfaring, repr.frå Nasjonalforeningen
- Tilrettelegging og velferdsteknologi - løysingar som kan støtte tryggleik og meistring. Karianne Sveen Orvik (ergoterapeut i hukommelsesteam og koordinator for velferdsteknologi i Volda kommune)
- Informasjon om demensforeiningane
- Informasjon om kommunale tilbod
Fjerde samling / Måndag 4. november kl. 18.00–21.30:
- Informasjon frå Sparebanken
Målsetting for Pårørandeskulen
- Å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
- Gi innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens
- Å betre kvaliteten på samværet med den som er demensramma
- Bidra til at pårørande får kjennskap til kva rettar dei har, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
- Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.
På pårørandeskulen legg vi vekt på openheit i trygge omgjevnadar. Fortrulege opplysningar som kjem fram, blir mellom deltakarane.
Last ned brosjyre / Last ned plakat (PDF, 494 kB)