Postlister og innsyn

Volda kommune fekk i veke 22 nytt arkivsystem og postlister blir i ei periode framover lagt ut noko forseinka.

Klikk for stort bilete

Frå veke 22  har Volda kommune tatt i bruk eit nytt arkivsystem. Inntil dette har kome skikkeleg på plass, vil vi ikkje publisere postlister. Desse kjem ut når vi ser at alt fungerer som det skal. 

Kva er nytt? 

Det er nye krav til digitalisering og effektivisering som i hovedsak er årsaka til overgang til nytt system. 

Offentleglova pålegg alle offentlege instansar meiroffentlegheit. 

Volda kommune vil legge ut dokument i fulltekst i arkivdelane; saksarkiv, eigedomsarkiv (bygg og plan) og arkivet til brannavdelinga.  

Det vil sei at eit brev eller søknad som du sender inn til Volda kommune, og som høyrer til i ein av desse arkivdelane, vil bli lagt ut i fulltekst. Dersom det inneheld opplysningar som skal vere unntatt etter offentleglova vert det ikkje lagt ut som full tekst. Då vil berre registreringa på brevet vere synleg. 

Kontakt

Inger-Johanne Johnsen
sektorsjef
E-post
Mobil 959 01 061