Pressemelding 10.12.21 - heimeundervisning og sterk anbefaling om sju dagar karantene

fhi.no Kommuneoverlegen har gjort vedtak om heimeundervisning for elevane ved Dalsfjord skule og Øyra. I tillegg kjem kommunen med sterk anbefaling om sju dagar karantene.

PRESSEMELDING 10.12.21

Status om koronasituasjonen i Volda kommune

Volda kommune hadde møte i kriseleiinga fredag 10.12.21 om situasjonen lokalt. Det er ein del smitte knytt til to skular i Volda. Kommuneoverlegen gjorde difor vedtak i møtet om at det vert overgang til heimeundervisning for elevane ved Dalsfjord skule og Øyra skule f.o.m. måndag 13. desember t.o.m. tysdag 21. desember. Dette er siste skuledag før juleferien startar. I tillegg kjem kommunen med sterk anbefaling om sju dagar karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til smitta med Covid-19.

Sterk anbefaling om karantene i sju dagar for husstandsmeldlemmar til smitta personar

Lokal anbefaling for Volda kommune f.o.m. 10.12.21:

Kommunen anbefaler sterkt at personar i same husstand eller tilsvarande nære til smitta person held seg i karantene i sju dagar, uavhengig testresultat. Dette gjeld både fullvaksinerte, delvaksinerte og uvaksinerte. Vi anbefaler at slike nærkontaktar testar seg med PCR-test straks og på dag 5 i karanteneperioden.

 

Dei nasjonale reglane:

Etter dei nasjonale reglane (vedtatt 29.12.21) har personar i same husstand eller tilsvarande nære som har hatt nærkontakt med smitta person siste 48 timar før den smitta fekk symptom eller positiv test har karanteneplikt i sju døgn etter siste kontakt med den smitta. Dei kan korte ned karantenetida ved å gjennomføre følgjande testing:

Fullvaksinerte og personar som har hatt covid-19 (siste 12 månader) skal ta test (PCR eller antigen hurtigtest/sjølvtest) snarast etter kontakt med den smitta. Er denne testen negativ, gjeld ikkje karanteneplikta. Du skal i tillegg ta ny test mellom dag 3 og 7 etter nærkontakt.

Uvaksinerte eller delvaksinerte (1 dose) skal snarast ta test etter kontakt med den smitta. Er denne negativ, gjeld ikkje karanteneplikta. Du skal i tillegg ta test kvar dag med sjølvtest/antigen hurtigtest, eller annankvar dag med PCR-test i totalt 7 dagar.

Personar under 18 år er ikkje omfatta av denne karanteneplikta. Vi rår likevel til at også desse testar seg slik som det står ovanfor.

Behov for ytterlegare tiltak for å hindre smittespreiing

Volda kommune har fylgt den lokale smittsituasjonen tett, og kontinuerleg vurdert om det er behov for ekstra tiltak lokalt. Slik smittesituasjonen er per i dag i Volda kommune, har kriseleiinga  konkludert med at dei nasjonale reglane ikkje er gode nok til å hindre smittespreiing.

Koronaviruset brukar ofte 2- 7 dagar på å utvikle seg. Etter dei nasjonale forskriftsfesta reglane har vi ikkje gode nok tiltak for å slå ned på smitteutbrotet. Kommunen kjem difor med ei sterk anbefaling om sju dagar karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til smitta personar.  

Vedtak om overgang til heimeundervisning ved Dalsfjord skule og Øyra skule

Kommuneoverlegen har gjort vedtak 10.12.21 om at det vert heimeundervisning for elevane ved Dalsfjord skule og Øyra skule f.o.m. måndag 13. desember t.o.m. tysdag 21. desember.

Vedtaket er gjort i kriseleiinga sitt møte 10.12.21, av kommuneoverlegen. Skriftleg vedtak vert utforma i etterkant og vil bli sendt ut til føresette. Vedtak om overgang til heimeundervisning er gjort for smittehindring.

Tilbod til elevar der føresette har samfunnskritiske oppgåver og til elevar med særskilde behov

Når barnehagen eller skulen er stengt eller har redusert opningstid,  skal barnehage- og skuleeigar syte for eit tilbod på dagtid til elevar under 12 år som har minst ein forelder innan kritiske samfunnsfunksjonar.

Barnet/eleven skal få det tilbodet som er naudsynt for at foreldra/forelderen skal kunne ivareta den samfunnskritiske funksjonen. Det tilbodet barnet/eleven normalt har i barnehagen/skulen utgjer den ytre ramma for kor omfattande tilbodet må vere.

Der foreldra bur saman, og den eine ikkje har samfunnskritisk funksjon, eller av ulike grunnar er heime, vil det normalt ikkje bli gitt eit tilbod i barnehagen/skulen. Viss særskilte grunnar gjer at det likevel er behov for eit tilbod på skulen, må føresette ta kontakt med rektor og skildre behovet og årsaka til det.

Andre elevar med særskilde behov vil etter ei eiga vurdering få eit tilpassa tilbod på skulen.

 

Om testing

Det er ikkje nødvendig å ta ny PCR-test før det har gått 3 månader etter gjennomgått Covid-19.

Dei som har smitte i omgjevnadane sine, kan hente PCR testar i opningstida til teststasjonen for ha heime ved behov.

 

OPNINGSTIDER VED TESTSTASJONEN:

Mån. - fre. kl. 08.30 - 15.00  (henting og levering av utstyr, drop in testing)

Adresse: Langemyra 3, Hovdebygda

Innlevering av prøver: Koronateststasjonen mån. - fre. kl 08.30 - 15.00.

Koronatelefon (teststasjonen): 700 58 960, open mån. - fre. kl 10.00-12.00

Minner alle om å følgje smitteverntiltaka:

  • Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære vert sterkt oppmoda om sju dagar karantene etter nærkontakt med smitta person (lokal anbefaling)
  • Hald deg heime og ta koronatest om du kjenner på luftvegssymptom
  • Vask hender og hald avstand, bruk munnbind om du ikkje kan halde 1-meter avstand
  • Avgrens tal på nærkontaktar

Kontaktperson for media er ordførar Sølvi Dimmen, tlf. 996 27 876 E-post: solvi.dimmen@volda.kommune.no