Pressemelding - slam og farga vatn i Øyraelva og Voldsfjorden

Slamutskillingsbasseng i Øyraelva - Klikk for stort bilete Rune Totland I samband med Volda kommune sitt arbeid med flaumførebygging i Gjølelva vil ein i dei komande 4-6 vekene kunne sjå synleg slam og farga vatn i Øyraelva og Voldsfjorden.

Volda kommune held for tida på med flaumførebygging av Gjølelva. I den samanheng har der vore etablert tre slamutskillingsbasseng oppstrøyms CircleK stasjonen. Denne veka startar arbeidet med flaumførebygging av denne strekninga ved CircleK. Her har der vorte prosjektert spesialtiltak for at fisk skal kunne leve og gyte i dette området.

Når dette arbeidet pågår, vil det ikkje vere mogleg å filtrere noko slam før det når Øyraelva, og der vil verte godt synleg slam og farga vatn i Øyraelva og Voldsfjorden dei 4-6 vekene dette arbeidet pågår.