Råd for ei koronavenleg halloween-feiring

Klikk for stort bileteFolkehelseinstituttet har samla nokre råd for korleis du kan gjennomføre feiringa med omsyn til smittevernet. Bilete: fhi.no

Halloween og 31. oktober nærmar seg med stormskritt, til glede for mange små og store. I den anledning har Folkehelseinstituttet samla nokre råd for korleis du kan gjennomføre feiringa med omsyn til smittevernet.

Som med alle andre arrangement og sosiale samankomstar for tida er det viktig at ingen sjuke deltek, og at alle huskar på god hand- og hostehygiene undervegs.

Det er også viktig å følge gjeldande råd om tal på personer som kan vere samla, å holde seg ferdiginnpakka godteri og ikkje dele halloween-sminke med andre enn dei du bor saman med.

Det er fint å finne andre måtar å feire halloween på enn den tradisjonelle knask eller knep-runda ute i nabolaget. Skattejakt, rebusløp og liknande med dei same faste gruppene ein vanlegvis er ein del av er gode alternativ.

Hensikta er å redusere tal på kontaktar slik at ein reduserer sjansen for smittespreiing og bidreg til enklare smittesporingsjobb for kommunen dersom det blir nødvendig.

 

Knask eller knep-råd

 

Knask eller knep er ein utandørsaktivitet for barn og unge, og så lenge dei følgande smittevernrådene vert følgt, ser ein smitterisikoen som lav:

  • Både dei som ringer på og dei som opnar døra må være friske.
  • Gå i små grupper og med dei ein er saman med til vanleg.
  • Hald avstand til andre grupper dersom det oppstår kø utanfor enkelte hus.
  • Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Husk reine hender, eller bruk skje/pølseklype.
  • Vent med å spise godteriet til runda er ferdig og ein har fått vaska/sprita hendene.
  • Ikkje del godteri.
  • Ha gjerne ein vaksen med på runda: dei kan sikre både smittevern og trafikksikkerheit i mørket.