Råd til russen

Bilete lensmann Oddbjørn Myklebust og russepresidentane - Klikk for stort bileteOgså i år vert det ei annleis russetid. Passar du og medrussen din på smittevernet og unngår smitte, er sjølve grunnlaget for ei god russetid lagt. - Ei russetid utan smitteutbrot, gir nemleg ei kjekkare russetid.

Sjølv med eit stengare fokus på smittevern, håper vi i Volda og Ørsta kommune at russen klarer å skape ei kjekk og minnerik russetid!

 

Testing i russetida:

All russ er velkomne til å teste seg i russetida. På den måten får både du og vi ei betre oversikt om det er smitte blant russen.Her kan du bestille time for testing.

Nasjonale råd til russen: 


FHI sine generelle råd for russen

  • Ta ein gratis test og bli heime om du har symptom på luftveisinfeksjon, er sjuk eller i karantene. 
  • Hald god avstand til andre (minst 1 meter)
  • Vask hender eller bruk handdesinfeksjon ofte. Bruk handsprit før du deler ut russekort.
  • Ikkje del flaske med andre.
  • Hugs at det er mindre smitterisiko utandørs.
  • Alle må begrense kor mange dei er saman med for å begrense smittespreiing. For å ikkje ha for mange nærkontakter, kan det vere lurt å ha mindre, faste grupper som er saman. Til dømes kan de som har buss saman vere ei gruppe, eller dei som er saman elles. Ta likevel omsyn slik at ingen blir aleine.
  • Unngå å ta med ungdom som ikkje er russ i buss, bil eller i gruppa, for å unngå smitte til andre skular eller trinn.

Råd for russesamlingar

  • Det er viktig at ikkje for mange samlar seg og at generelle smittevernråd følgast, for å unngå stor smittespreiing.
  • Det er best om det er dei same, faste gruppene som blir samla i løpet av russetida.
  • Om fleire grupper vert samla, er det viktig at det er god avstand mellom gruppene, minst 2 meter.
  • Samle dykk heller ute enn inne, risiko for smitte er større innendørs. 
  • Hugs at det er maks 20 stk som kan samle seg utandørs, utan om dei store og klart definerte arrangementa, då er det 200. Les reglar for desse her.
  • Finn ein annan stad å vere om de ser at det er mange grupper samla på same stad.

Her finn de alle FHI sine russeråd