Rapport på faresoner for skred

Klikk for stort bileteStølen i Eissetdalen. Skjermdump/NVE

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har publisert ein rapport om skredkartlegging i kommunen.

I ein rapport på over 460 sider har NVE gjort ei omfattande kartlegging av faresoner for skred i bratt terreng i Volda kommune.

Ifølgje NVE kan auka kunnskap og oversikt gjennom ei slik kartlegging vere eit viktig verktøy for å gjere førebyggande arbeid mot skred.

Hovudføremålet med kartlegginga har vore å betre grunnlaget for å kunne vurdere skredfare til bruk i t.d. arealplanlegging og beredskap.

Hovudfunna

Ifølgje rapporten, er det gjort følgjande hovudfunn i kartlegginga:

"Det er historiske skredhendingar i Volda kommune der folk har omkomne av ulike typer skred. Det er få hendingar med omkomne, men fleire med materielle skadar på bygg og dyrkamark.

Det er både kystnære område med låge fjell og lite skredterreng til høge, bratte fjellsider med store snøskredområde.

Dei lågtliggande områda har steinsprang og flomskred/sørpeskred som hovudproblem, medan dei områda med høge fjell blir prega av snøskredproblem.

Volda kommune er eit nedbørsrikt område slik at vassrelaterte skred som sørpeskred og flomskred kan forekome langs elvar, bekkar og drensvegar i hele området.

Kartlagde område

I NVE-rapporten er det 21 område i Volda kommune som er kartlagde. Dette er:

  • Eikrem
  • Volda sentrum
  • Vassteinen
  • Hjartåbygda
  • Ullaland
  • Aurstad
  • Osen - Norddalen
  • Kalvatn
  • Håvika
  • Bjørneset
  • Litlebotnen
  • Straume
  • Støda - Kilsvegen
  • Holmevik - Nordre Bjørkedalen
  • Krumsvika
  • Litleneset - Eisset
  • Åmelfotsetra - Dal
  • Aksnes - Inselset
  • Reitane (Dravløs - Løvik)
  • Lauvstad - Torvika

Nyttige lenker: