Raudt farevarsel for flaum og skred frå onsdag 12. januar

Det vert store nedbørsmengder over lengre tid, samtidig som det er er høge temperaturar. Vi får regn høgt til fjells. Når snøen smeltar heilt opp til 1500 m.o.h. bidreg dette, saman med nedbøren, til ekstrem flaum- og skredfare.

Du bør unngå unødige reiser og vurdere skredfaren nøye før du legg ut på tur.

Unngå tur langs elvar og bekkar

Alle vert råda til å halde seg unna bratt terreng, bekkar og elveløp medan ekstremvêret pågår. Det vil vere stor fare for både snøskred, sørpeskred og jordskred på grunn av dei store vassmengdene. Ver spesielt merksam på at elvar og mindre bekkar brått kan frakte større mengder med sørpe, vatn og is.

Bemannar branndepota

Uvêret som er meldt kan medføre akutte hendingar og kommunikasjonen kan gå ned. Det er fare for at det vert brot i straum og telefonsambandet. Volda brannvern vil ved ei slik hending bemanne branndepota slik at innbyggjarane kan nå brannmannskap der ved behov. 

Hald sluk og rister fri for is og snø

Du bør ta ei runde og sjekke at takrenner, sluk og rister er opne for å kunne ta unna mest mogleg vatn.

Beredskap i heimen

Du er ein del av beredskapen i landet. Dette bør du ha tilgjengleg (sikkerhverdag.no). 

Registrer rashendingar 

Vi ønsker at rashendingar vert registrert på Varsom REGobs   

Stengte vegar

Sjekk om vegen er stengt på vegvesen.no/trafikk.

Følg med på oppdaterte varsel

på varsom.no  og yr.no

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ber om at vi  førebur oss på ekstremvêret Gyda

 

Viktige telefonnummer - beredskap
Teneste Telefonnummer
Brann 110
Ambulanse 113
Politi 112
Politiet 02800
Volda legesenter 70 05 89 00
Hornindal helsesenter 57 87 98 70
Legevaktsentralen 116 117
Brannvakt 911 52 110
Teknisk vakt (vatn og avløp) 901 78 008
Driftsteknisk/byggvakt (liv og helse) 909 34 021
Sentralbord Volda kommune 70 05 87 00
Ordførar Sølvi Dimmen 996 27 876

Kontakt

Sølvi Dimmen
ordførar
E-post
Mobil 996 27 876
PPT