Reduser sosial kontakt og ta smittevernråda på alvor

Illustrasjon korona fhi.no - Klikk for stort bilete fhi.no

Smittesituasjonen i Volda er framleis usikker men Volda kommune innfører ikkje lokale tiltak. Sjølv om smittekjelda truleg er funne, går vi nokre spanande dagar i møte.

Det er mange i karantene og ventekarantene. Vi har ikkje fått svar på alle som har tatt  første testen enno. Etter sju dagar skal nærkontaktane ta test nr 2.  

Sjølv om vi har sett nærkontaktane i karantene, er det ekstra viktig at alle er påpasselege med smittevernrutinane. Den siste tida har vi hatt så lave smittetal lokalt at mange trulig har begynt å slappe av.

Dei nasjonale råda for smittevern er omfattande. Dersom alle oppdaterer seg og etterlever desse, så vil dei ha god effekt for å hindre smittespreiing. 

No er vi i ein situasjon der vi alle må ta grep og gjerne utsette planlagde arrangement. Vi må auke avstand og ha færre nærkontaktar. Dette er to sentrale smittereduserande tiltak i handteringa av koronapandemien. Ved å auke avstanden mellom menneske og redusere tal på kontaktar, reduserer vi risikoen for å bli smitta av personer som ikkje veit at dei er smitta.

Råd til alle i befolkninga

  • Husk god hand- og hostehygiene.  
  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur med. Unngå fysisk kontakt.   
  • Risikoen for smitte er høgare inne enn ute (særleg i små og dårleg ventilerte rom).
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta ein test. 

Ha færre kontaktar enn vanleg

Det å ha kontakt med mange andre aukar risikoen for å bli smitta av personer som ikkje veit at dei er smitta. Styresmaktene anbefaler derfor alle å avgrense kontakt med andre, både i private samanheng, på arrangement, på arbeidsplassen og på skule og studiestad.    

  • Du og dei du bur saman med kan vere i lag som normalt. Dei du bur saman med inkluderer også ein kjæreste. Om du bur ålene, kan du ha to til tre nære vennar som du kan vere fysisk nær. Disse bør vere dei same over tid.    
  • Der mange bur saman, til dømes i asylmottak, studentbustad eller brakkebyar, bør ein dele opp bustaden/bygget, slik at kun mindre grupper (maks 5-10) brukar dei same fellesområda. Dei mest risikoutsette bør ha eige bad, toalett og kjøkken eller få maten levert.   
  • Andre kontaktar bør også være dei same over tid, til dømes eigne grupper på arbeidsplassen eller i skulen og barnehagen.      

Sosial kontakt

  • Alle bør avgrense sosial kontakt. 
  • Det vert oppmoda om å møte andre utandørs, og ikke ha besøk av fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei som alt bur saman.
  • Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må likevel ikkje vere fleire enn at ein kan halde avstand.
  • Barn i barnehager og barneskular kan ha besøk fra eigen kohort.

Arrangement

Arrangement som samlar personar fra ulike kommunar bør bli utsett eller avlyst (dette er ei nasjonal anbefaling). Sjå eigne råd for idrettsarrangement.

Reglar for arrangement (lovfesta i forskrift):

  • Maks ti personar på private samankomstar utanom i eigen heim, som t.d. bursdag i leigd lokale.
  • Maks ti personar på innandørs arrangement, likevel 100 personar der alle i publikum sitter på faste tilviste plassar.
  • Maks 50 personar på innandørs idrettsarrangement for barn og unge under 20 år som kun samlar deltakarar fra samme kommune.
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, likevel 3x200 personer der alle i publikum sit på faste tilviste plassar.
  • Servering av alkohol kun til dei som får servert mat. (Det skal vere drikke til maten, ikkje mat til alkoholhaldig drikk.) Skjenkestopp kl. 22.00.

Flere nasjonale anbefalingar og påbod om å ha færre kontaktar:  

  • Begrens talet på personer du møter per veke, og møt helst andre ute.
  • Ha kun inntil 5 gjestar i privat heim, hage og hytte. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein være fleire, men det må være mogleg å halde avstand.
  • Barn i barnehagar og barneskuler kan ha besøk fra eigen kohort.
  • Unge og vaksne som har vore i situasjonar der det har vore vanskeleg å halde minst ein meter avstand, bør halde minst to meter avstand ved besøk hos personar i risikogruppene.  
  • Avgrensingar for private og offentlege samankomstar og arrangement 
  • Avgrensinger og råd for redusert kontakt i idrett  

Reise

  • Reiser til utlandet er fråråda. Unngå unødvendige reiser innanlands.
  • Reiser til studiestad kan reknast som ei nødvendig reise.
  • Ein kan reise på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om det er mogleg.
  • Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør som ein hovudregel følge anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanlig.

Butikkar

Alle kjøpesenter og butikkar skal syte for at det er mogleg å halde minst ein meter avstand.

Restaurant, kafé og utestad

  • Servering av alkohol kun til dei som får servert mat. 
  • Skjenkestopp kl. 22.00. 
  • Minst ein meter avstand mellom gjestar utanfor same husstand.
  • Sitteplassar for alle gjestane, kun bordservering av alkohol.
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker 

 

Installer gjerne Smittestoppappen: