Refusjonsordning for Fritidskortet 2021

Volda kommune refunderer deltakaravgift med inntil 1.000 kroner. Refusjonsordninga vil i denne omgangen omfatte deltakeravgift for hausten 2021.

Refusjonen gjeld for barn og unge mellom 6-18 år som er folkeregistrert i Volda kommune.

REFUSJONSORDNING Fritidskortet – Fristar før nyttår

 

Har de betalt deltakeravgifta for hausten 2021 og ikkje fått nytta Fritidskortet? No kan de søke om refusjon på inntil kr 1.000 på faktura som allereie er betalt. Frist: tysdag 21.12.2021.

Fristen for å hente/laste ned og betale med Fritidskortet for hausten 2021 er 31.12.2021. Dette gjer du på volda.friskus.com/fritidskortet

Treng du hjelp kan du møte opp på Fritidskort-kontoret på Volda Campus Sparebank 1 Arena tysdagar kl 17-19, ev. ringe Cecilie Åmås på same tidspunkt på tlf. 415 02 656.

Fritidskortet for våren 2022 vert fornya med kr 1.000 over nyttår. 

 

Følgjande krav må vere oppfylt for å få refusjon: 

  • Barn og unge i alderen 6-18 år som er busett i Volda kommune.
  • Ein har alt betalt kontingent/deltakaravgift for 2021 til lag/organisasjonar.
  • Føresette som ber om refusjon må vere same person som har henta ut/aktivert Fritidskortet for barnet det vert søkt refusjon for. 
  • Fritskortet er personleg. Søsken har eit fritidskort kvar.
  • Det må bli lagt fram dokumentasjon på betalt deltakaravgift som det vert søkt om refusjon for.

 

Korleis går du fram?

Fyll inn digitalt refusjonsskjema:

Skjema for refusjon

Følgjande må kome fram i innsendte vedlegg

  • Namnet på barnet eller ungdomen
  • Namnet på klubb, lag og foreining eller organisasjon
  • Kva gjeld fakturaen for - aktivitetar og semester/år
  • Fakturabeløp
  • Kvittering på at faktura er betalt

Her kan du lese meir om ordninga: https://www.volda.kommune.no/fritidskortet/

For spørsmål eller hjelp, ta kontakt:

 

Kontaktpersonar i prosjektgruppa:

Astrid Gjersdal, tlf. 917 25 639
Prosjektleiar Nina Kvalen, tlf. 913 64 787
E-post: fritidskortet@volda.kommune.no

Fritidskort-kontor:
Tid: Tysdagar kl 17-19
Stad: Volda Campus Sparebank 1 Arena
Cecilie Åmås, tlf. 415 02 656