Regjeringa lettar på tiltaka

Gerd Altmann, Pixabay.com Regjeringa lettar på tiltaka, men ventar aukande smittetal framover.

 

Folkehelseinstituttet fastslår at omikron-varianten av koronaviruset gir mindre alvorleg sjukdom og at vaksinane beskyttar godt mot alvorleg sykdom.

Dette er endringane:

  • Ein opnar for servering av alkohol ved bordservering, men med skjenkestopp klokka 23.00.
  • Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på gult i barnehagar, barne- og ungdomsskular og SFO.
  • Det er ikkje lenger forskriftsfesta nasjonalt tiltaksnivå på raudt i videregåande skular.
  • Det blir endringar i TISK-strategien.

Her kan du lese meir om endringane som no gjeld (regjeringen.no).

Tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar.

I Volda kommune er det bestemt at det vert grønt nivå i barnehagar, skular, kulturskulen og vaksenopplæringa frå måndag 17. januar.