Reglar for å gå på jobb, skule og barnehage etter luftvegsinfeksjon

Sjukt barn, Foto: Victoria Borodinova, Pexels.com - Klikk for stort bilete Victoria Borodinova, Pexels.com Det har kome nye presiseringar frå Folkehelseinstituttet (FHI) på når det er greitt å gå på jobb igjen etter gjennomgått luftvegsinfeksjon/forkjøling.

Dersom du har symptom på covid-19 bør du ta test.

På denne sida får du rettleiing i korleis du kan skille symptom på covid-19 frå andre tilstandar.

Ta gjerne koronasjekken. Informasjon om det finn du her.

 

Når du har akutt luftvegsinfeksjon

Ein tilrår at alle som har nyoppståtte luftvegsymptom som ikkje har en kjend årsak, tek test og held seg heime til dei har fått svar. Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand (det vil seie at du kjenner deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. Kunnskapen vi har så langt tyder på at ein er mest smittsam dagane rundt sjukdomsstart og at ein blir mindre smittsam når symptoma er borte. Dersom du har fått stadfesta eller sannsynlig covid-19 må du i tillegg vere isolert i minst 3 døgn etter at symptoma er borte og minst 8 døgn etter symptomdebut.

Her ser du kva du bør gjere om nokon du bur saman med får symptom på covid-19 (koronavirus).

Når barn har akutt luftvegsinfeksjon

Barn i barneskulealder og yngre blir sjeldnare sjuke av det nye koronaviruset. Dersom dei blir sjuke, har dei oftast eit lett forløp av covid-19. Symptoma er ofte milde og kortvarige og kan vere vanskelege å skille frå andre luftvegsinfeksjonar. Med luftvegssymptom meiner ein til dømes hoste, sår hals, nesetettheit og rennande nase. Barn med covid-19 har ikkje nødvendigvis feber og hoste. Dersom barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal dei haldast heime, særleg dersom barnet har fleire symptom samstundes eller ikkje er heilt i form (det som vert kalla nedsett allmenntilstand). Det vert gjort unntak for barn i barneskule- og barnehagealder som berre har rennande nase og elles er i god allmenntilstand. Dei barna treng ikkje å vere heime.

Dei minste barna vil ofte ikkje klage på vond hals og kroppsverk, men det merkast gjerne at dei er i ferd med å bli sjuke ved at dei sutrar meir enn vanleg, ikkje vil spise, i tillegg til at dei har til dømes rennande nase eller hoste. Foreldre må derfor vere ekstra merksame når barnet verkar å ikkje vere heilt i form og i tillegg har nokre symptom frå luftvegane, og halde barnet heime.

Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19. Ved kun lette luftvegssymptom utan feber, kan ein sjå an tilstanden heime i eit par dagar. Om barnet ikkje vert betre, tilrår ein testing. Ved rask betring, kan barnet gå tilbake utan test.

Når kan barn i barneskulealder og yngre kome tilbake i barnehage/skule?

Barn som er symptomfrie, kan kome tilbake i barnehage/skule.

Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan kome også tilbake i barnehage/skule. Det betyr at allmenntilstanden avgjer når barn kan kome tilbake i barnehage/skule. Dette gjeld sjølv om barnet framleis har nokre restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret) eller sporadisk hoste. Slike symptom er vanleg i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos mindre barn. Så lenge symptoma kan knyttast til ein gjennomgått infeksjon, og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet kome tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.

Alle som får påvist covid-19 skal i isolasjon, og følgast opp av helsetenesta.