Rettleiar for leike- og aktivitetsområde

Klikk for stort bileteØnskjer du å etablere eller opparbeide leikeplass eller aktivitetsområde? Slik søkjer du om tilskot!

Kommunestyret i Volda har vedteke dokumentet «Rettleiar for leike- og aktivitetsområde».

Dokumentet inneheld krav og retningsliner for leike- og aktivitetsområder i kommunen, og skal ligge til grunn for kommuneplanen sin arealdel og framtidige reguleringsplanar.

Rettleiaren legg vekt på korleis ein kan etablere leike- og aktivitetsområde med kvalitet, og inneheld også tips til kvar grendelag eller andre kan søkje om tilskot til opparbeiding av leikeplassar.

Rettleiaren kan lastast ned her: Rettleiar for leike og aktivitetsområde_20190214 (PDF, 13 MB)

Trykt utgåve er tilgjengeleg på rådhuset.