Røykvarslardagen 1. desember

Røykvarslar - skifte batteri - Klikk for stort bileteRøykvarslar - skifte batteri Odd Skarbomyr, DSB

Vi minnar om at det på laurdag 1 desember er røykvarslardagen, då tilrår vi alle å skifte batteri i røykvarslarane. Er røykvarslaren din eldre enn 10 år så bør du bytte den ut.

Alle bustadar skal ha minst ein røykvarslar per etasje og må kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. Har du fleire røykvarslarar så bør dei være seriekopla. Test røykvarslaren jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid, også på hytta.

Brannvernet og det lokale eltilsynet vil ha stand på Spinneriet på fredag 30 november frå kl 11. Der vil vi dele ut røykvarslarbatteri, sjokolade og brannførebyggande informasjon.

Halvparten av dei som døyr i brann hadde ikkje fungerande røykvarslar då brannen braut ut.
Tre personar er så langt omkomne i brann i Møre og Romsdal, og no går vi inn i dei to brannfarlegaste månadane.

Husk derfor å sjekke din røykvarslar den 1 desember, og sjå til at dei som ikkje er i stand til å bytte batteri sjølve får hjelp til dette.