Røykvarslardagen 1. desember

Klikk for stort bileteSøndag 1. desember er røykvarslardagen, og vi tilrår at alle skiftar batteri i røykvarslarane sine denne dagen.

I fjor var det 35 utrykkingar til nattbrannar i Møre og Romsdal. Tre gongar i månaden byrja ein bustad å brenne midt på natta. No står brannhøgtida for døra igjen.

Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No ber brannvernet om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

Bytt batteri i røykvarslaren

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

- Vi trekkjer innandørs, fyrer i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier Knut Øystein Ekroll, branningeniør i Volda brann og redning.

Lokale arrangement

Volda brann og redning vil saman med eltilsynet informere om viktigheita av ein fungerande røykvarslar på Spinneriet i Volda fredag 29. november og på Coop Prix Grodås tysdag 3. desember.

roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Klikk for stort bilete