Røysting for veljarar i isolasjon eller karantene etter at førehandsrøystingsperioden er avslutta

Er du manntalsført i Volda kommune og i isolasjon grunna krona, skal du ikkje møte opp i eit vallokale på valdagen.

Du kan istaden søke valstyret om å få ambulerande røysting. Du kan søke heilt fram til kl. 10.00 på mandag 13. september. Kommunen vil då kome heim til deg slik at du får røysta. Dette gjeld for dei som er i isolasjon på grunn av covid-19, ikkje for andre som er sjuke eller uføre. Du kan ta kontakt via telefon 959 01 061 eller på epost til sonja.havik@volda.kommune.no 

Veljarar som er i karantene på valdagen 13. september kan røyste utafor eit av vallokala i kommunen. Du må i så fall ta kontakt på telefon 959 01 061 eller 928 89 326, for å avtale tidspunkt. Det vil då kome ut to valfunksjonærar frå vallokalet som vil ta imot røysta direkte frå deg. Vi vil be om at du vert sitjande i bilen slik at du ikkje har kontakt med andre personar, og at du bruker munnbind.