Rus- og psykisk helsetenestetilbod

Klikk for stort bileteDet er no oppretta ei eige telefon for rus- og psykisk helseteneste. Den vil vere open kvardagar frå 10.00 til 14.00.

Har du tankar eller bekymringar om di psykiske helse eller rus? Ring oss om du har behov for å prate!

Telefon for rus- og psykisk helseteneste: 915 98 370

Opningstidar: Kvardagar 10.00–14.00.

Vi minner om andre hjelpetelefonar og nettstader:

  • Mental Helse sin hjelpetelefon:116 123 (døgnope).
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnope)
  • AA Anonyme alkoholikere: 911 77 770 (kvardagar 11.00-15.00 og alle dagar 18.00–22.00)

Vidare har Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden også eige tilbod for dei som treng å prate med nokon. Du kan lese meir om tilbodet deira her.

BUP har også ope nesten som vanleg, men samtaler skjer hovudsakeleg gjennom video eller telefon. I enkelte tilfelle kan det vere naudsynt med fysisk time for dei som treng det.

Telefon BUP: 70 05 85 70

DPS har stengde lokalar, men dei som har avtalar vert ringd i staden for fysisk oppmøte. Ved behov kan timen gjerast om til videotime.

Telefon DPS: 70 05 85 60

Kyrkja i Volda sine prestar og tilsette er også tilgjengelege for samtale på telefon om ein treng å prate med nokon. Kontaktinformasjon for dei tilsette finn du her.