Samarbeidar om dugnad

Klikk for stort bileteJon Inge Bjørdal ved STYRK-arbeid/STYRK-aktiv saman med dugnadsdeltakarane Petros Yemane, Bereket Berhe, Stian Rotevatn og Dan Robin Humberset. Joakim Rødven Denne og neste veke er engasjerte og flinke personar i full sving med årets sommardugnad i Volda kommune.

Sidan 2015 har det vorte arrangert årlege dugnadar i Volda kommune, i eit samarbeid mellom Volda Læringssenter, Styrk-arbeid, tildelingskontoret og eigedomsavdelinga. I år er også Park og anlegg med i samarbeidet.

Dette samarbeidet fekk sitt utspring frå prosjektet «frå mellombels til varig bustad» (2013 til 2016).

Ein såg at uteområda rundt fleire av dei kommunale gjennomgangsbustadane grodde att, og dette gav ikkje ei kjensle av å vere gode bumiljø.

Derfor har blitt ein liten tradisjon at det vert sett av nokre dagar i juni til dugnad rundt desse bustadane, der ein slår og rakar saman graset, ryddar, plukkar søppel, kostar og gjer det triveleg i området.

Stor dugnadsand

Eigedomsavdelinga ordnar med container og anna utstyr til dugnadsdeltakarane sin disposisjon.

Deltakarar og tilsetje ved Styrk-arbeid stiller trufast opp kvart år, både med naudsynt utstyr og god arbeidsinnsats. I tillegg deltek også flyktningar som deltek i introduksjonsprogrammet velvilleg opp, saman med tilsetje ved Læringssenteret.

Dugnadsdagane går inn som ein del av introduksjonsprogrammet, ettersom deltakarane har ferie frå undervisning.

Aktivitetsdag

I år starta dugnaden med to dagar ved Volda omsorgssenter måndag og tysdag, før Smalebakken og Nybråtet stod for tur.

Vidare skal deltakarane bli beløna med ein aktivitetsdag på Kjeldsund fredag, før det vert ein siste dugnadsdag ved skisenteret.

- Etter alle desse åra har vi berre gode erfaringar! Alle avdelingar er positive til dette samarbeidet, og Læringssenteret stiller alltid med saft og kjeks til pausemat, seier bustadkoordinator ved tildelingskontoret, Anne Marte Ådneram.