Samarbeidsmøte for leiarar i foreldreråda i barnehagar og skular

Klikk for stort bileteVolda kommunale foreldreutval (Volda KFU) og sektor for Oppvekst inviterer leiarar i foreldreråda i barnehagar og skular i Nye Volda kommune til samarbeidsmøte tysdag 27. august.

Dette møtet vil finne stad i 1. etasje på Volda samfunnshus. Møtet startar klokka 18.15, og vert runda av om lag klokka 19.45.

På møtet vil Lou Cathrin Norreen, frå Foreldreutvalet for barnehager (FUB), orientere om arbeidet til FUB og Foreldreutvalet for grunnopplæringen (FUG).

Agenda

1. Orientering om nasjonalt FUB/FUG
- kvifor
- oppgåver
- samarbeid med lokallag
- nettressurs

2. Lokalt kommunalt foreldreutval – gode råd i etableringsfasen av Volda KFU
- kvifor
- oppgåver
- vedtekter
- teielovnad
- korleis kan foreldre/føresette i samarbeid med barnehagen/skulen bidra til eit godt læringsmiljø for barna/elevane?

3. Kort orientering frå Volda KFU og administrasjonen om kva som skal skje framover.

Eit godt samarbeid mellom føresette og barnehage/skule/administrasjon er viktig for at vi saman skal nå visjonen «Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer».

Vel møtt!

Meir informasjon om FUB og FUG, kan du lese på heimesidene deira: