Samarbeidsmøte

Samarbeidsmøte med foreldreråda i barnehagar og skular.

Klikk for stort bilete

Tysdag 27.08.19 vart det halde samarbeidsmøte med leiarar i foreldreråda i kommunale og private barnehagar og skular i Volda kommune.

Saman med det nystifta kommunale foreldreutvalet, hadde Volda kommune invitert Lou Cathrin Norreen frå Foreldreutvalet for barnehagar (FUB). Norreen informerte foreldrerepresentantane om dei nasjonale foreldreutvala for barnehage og skule (FUB / FUG), og korleis dei kan vere til hjelp og støtte for lokale foreldreutval.

Norreen kom vidare med råd og tips til det kommunale foreldreutvalet og korleis foreldre/føresette i samarbeid med barnehagen/skulen kan bidra til eit godt læringsmiljø for borna/elevane.

Volda kommunale foreldreutval vil ha sitt første ordinære årsmøte veka etter haustferien.

Kontakt

Per Ivar Kongsvik
oppvekstsjef
E-post
Mobil 905 36 757