Samordning av skatteoppkrevjarkontora

Klikk for stort bileteVolda og Hornindal skatteoppkrevjarkontor vil bli samordna frå 01.11.2019.

Føremålet med denne samordninga er å førebu skatteetaten sine datasystem fram til årsskiftet og unngå feil i prosessen ved kommunesamanslåinga.

Samordninga vil ikkje føre til endring for skattytarar og arbeidsgjevarar i dei to kommunane.

Det ein vil kunne merke er at enkelte brev og innbetalingskort vil bli utsendt med felles logo av Skatteoppkrevjaren i Volda og Hornindal.

Kontakt

Ove Bjerkvik
skatteoppkrevjar
E-post
Telefon 70 05 87 32