Når er det vaksinering?
Det blir sesongvaksinering med influensa- og koronavaksinar i veke 43. Vaksineringa vil vere på Uppheim i Volda sentrum.
Vaksinetidene på Uppheim:
Tysdag 22. oktober kl. 10-17. Personar med etternamn A-O
Onsdag 23.oktober kl. 10-17. Personar med etternamn P-Å
Oppsamlingsdag fredag 25. oktober kl. 10-14.
Koronavaksina er gratis. Influensavaksina kostar 200 kroner. Vi ber om at alle som kan betalar med bankkort.
Sjukeheimsbebuarar og bebuarar i bemanna omsorgsbustader, får tilbod om vaksinering der. Ansatte i oppvekstsektoren har og moglegheit til å ta influensavaksine i år. Føresette til barn, og gravide kan ta kontakt med helsestasjonen for timeavtale ved behov. Influensavaksine kan også takast på apoteket frå 1. oktober.
Hornindal tilbyr influensa- og koronvaksinering på Hornindal legesenter:
Torsdag 24.10 kl. 09.30 - 11.30 : Alle med etternamn som startar på A-D
Torsdag 24.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på E- J
Onsdag 30.10 kl. 09.30 - 11.30 : Alle med etternamn som startar på K-N
Onsdag 30.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på O-R
Torsdag 31.10 kl. 13.15 - 15.00 : Alle med etternamn som startar på S-Å