Siste frist for gratis HPV-vaksine

1. juli er siste frist for å få gratis HPV-vaksine. På helsestasjonen i Volda kan ein få vaksine måndag 3. og 24. juni.

Gratis HPV-vaksine

Tilbod til kvinner fødd 1991 og seinare.

Kven kan få gratis HPV-vaksine?

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. For å få fullt utbytte av vaksina må ein ta tre doser. Ein må ha tatt første dose innan utgangen av 2018 for å få vaksina gratis. Det må gå minst 4 veker mellom første og andre dose og minst 20 veker (5 månader) mellom andre og tredje dose.

Korleis kan eg få HPV-vaksina?

Dei som har tatt minst ei dose innan 1.1.2019 kan møte på helsestasjonen. Sjå oversikta under for kva dagar vi har HPV vaksinering i 2019.  For å få gratis HPV vaksine må ein ha tatt siste dose før 1. juli 2019. Elles må ein få resept hos fastlege og betale for vaksina på apoteket. Ta då kontakt med legesenteret eller helsestasjonen for å få time til å få satt vaksina.

Ved helsestasjonen i Volda vert det vaksinering desse dagane (det er inga timebestilling):

Tider for HPV-vaksine
Tider for HPV-vaksine
Dag Dato Klokkeslett
Måndag 07.01.19 15.00-16.30
Måndag 04.02.19 15.00-16.30
Måndag 04.03.19 15.00-16.30
Måndag 01.04.19 15.00-16.30
Måndag 06.05.19 15.00-16.30
Måndag 03.06.19 15.00-16.30
Måndag 24.06.19 15.00-16.30

 

Helsestasjonen er i underetasjen på rådhuset. Du går inn tett ved der den kjekke leikeparken er.

Kva er HPV-vaksinasjonsprogrammet?

Oppstart av programmet var i november 2016. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft som fylgje av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, medan nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65¬-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein to-årsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018. 

Kva kostar HPV-vaksina?

Vaksina er gratis for alle kvinner som er fødd 1991 og seinare. 

Vil du ha meir informasjon:
Meir Informasjon om HPV og HPV-vaksine

Kontakt

Turid Sporsheim Urkegjerde
helsesekretær
E-post
Telefon 70 05 88 20