Siste moglegheit til å førehandsrøyste

I dag er siste sjans til å førehandsrøyste. Du kan førehandsrøyste på Samfunnshuset i Volda fram til kl. 15.30 i dag.

Vi oppmodar dei som har moglegheit – og som har bestemt seg -  til å røyste på førehand. Grunnen er at vi ønsker å redusere kø på valdagen. Det er eit av dei viktigaste smitteverntiltaka vi har.

Dersom du ikkje er i heimkommunen din på valdagen, så bør du førehandsrøyste. På valdagen er det berre dei som er manntallsført i Volda kommune som kan røyste i eit av dei 6 vallokala vi har:

Røystestader valdagen, 13. september 2021
Krins Stad Opningstid
Austefjord krins Austefjord skule 12:00-18:00
Dalsfjord krins Dalsfjord skule 12:00-18:00
Folkestad krins Folkestad skule 12:00-18:00
Hornindal krins Honndalshallen 12:00-18:00
Mork krins Mork skule 12:00-18:00
Øyra krins Volda samfunnshus 09:00-20:00