Siste nytt om koronasituasjonen i Volda 26.03.21

Klikk for stort bilete Figur: Pixabay.com Smittetilfellet som vart meldt i går, 25.03.21, hadde 23 nærkontakter som er sett i karantene. Av desse oppheld 22 seg i Ørsta eller Volda kommune

Status 25.03.21, kl 15.00

Smittetilfellet som vart meldt i går, 25.03.21, hadde 23 nærkontakter som er sett i karantene. Av desse oppheld 22 seg i Ørsta eller Volda kommune. Den siste oppheld seg i ei anna kommune. Alle har tatt første test, dei fleste i går, og nokre i dag. Vi har fått svar på 14 av desse, som var negative. Vi reknar med at det kjem svar på resten i løpet av helga eller morgondagen. 

Viktig melding til dei som har fått tid til vaksinasjon i påska:

Vaksinetelefonen 70 05 89 65 har desse opningstidene i påska:

  • Måndag 29. og tysdag 30. mars – vanleg opningstid kl. 12.00-16.00.
  • Onsdag 30. mars – 09.00-12.00.
  • På helg/høgtidsdagar er telefonen stengt.

Til dei som har fått time til koronavaksinering onsdag 31. mars og torsdag 8. april - husk å bekrefte timen.

Oppdaterte retningsliner for besøk på institusjonar og bemanna omsorgsbustadar for eldre

  • Pårørende og andre som reiser til Volda frå eit område med høg smitterisiko, skal ved samvær med ein bebuar i ein kommunal helse- og omsorgsinstitusjon, følgje dei smittevernråda som er frå det området med høgast smitterisiko. Dette gjeld både ved besøk i og utanfor institusjon
  • Personar som kjem frå område med høg smitterisiko skal ta med og nytte eige munnbind ved besøk. Ein må kunne halde 2 meters regelen, og ein kan ha maks 2 besøkande i gongen.
  • Ber personar som kjem frå område med høg smitterisiko, vurdere om ein kan utsetje besøket.   

 Her finn du dei nye retningslinene

Vi minner om dei oppdaterte smitteverntiltaka frå regjeringa.

Råd til dei som likevel vel å reise på ferie til Volda

  • Ha få kontaktar siste tida før ferien
  • Vurder å teste deg ved ankomst
  • Hald deg med få kontaktar medan du er i Volda
  • Unngå større folkeemengder

Råd til dei som likevel reiser vekk på ferie

  • Vurdere kvar de reiser
  • Nødvendigheita av reisa
  • Hald deg med få kontaktar medan du er på ferie
  • Unngå handlesenter, folkesamlingar, m.m.

Råd til studenten som vender tilbake

  • Få kontaktar på ferie
  • Gå i sjølvpålagt "karantene" den siste tida før retur
  • Test deg ved retur dersom du er usikker på eigen situasjon
  • Hald deg med få kontaktar den første tida etter retur
  • Kanskje komme tilbake i god tid før skulen startar opp.

Vi minner om dei generelle reglane, hald avstand, reine hender, bli heime og test deg om du er sjuk.