Sjå video av ordførar og kommuneoverlege som oppdaterer oss om koronasituasjonen

Klikk for stort bileteSofaprat mellom ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol torsdag 18. mars.

Dei oppdaterer oss om koronasituasjonen etter den mest spennande veka vi har hatt i dette koronaåret.

Her kan du sjå video, sofaprat mellom ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.

Sofaprat mellom ordførar Sølvi Dimmen og kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol torsdag 18. mars. Dei oppdaterer oss om koronasituasjonen etter den mest spennande veka vi har hatt i dette koronaåret.

Vi har heldigvis ikkje fått fleire nærkontaktar som har testa positivt så langt, seier ordførar Sølvi Dimmen og stiller vidare spørsmål om kva kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol trur om situasjonen vidare.

Vi hadde hatt det fredeleg ei stund her lokalt, med lite smitte siste tida og ein del av oss hadde begynt å slappe litt av, seier Kaldhol. Vidare seier ho at vi er utruleg glad for at eleven som vart sjuk gjorde alt rett. Ho heldt seg heime og gjekk og testa seg. 

Når vi fekk komme inn så tidleg, så fekk vi moglegheit til å klare å stoppe smittespreiinga.

Det er ei veldig spennande tid no i Norge og det er mykje smitte i landet. Det kan komme nye smittetilfelle når som helst. Det er tilfelle av britisk mutasjon i Ørsta.

Det er difor viktig at vi følger desse reglane om å holde avstand, vaska hender og unngår for mykje sosial kontakt.

Alle desse råda som vi begynner å bli veldig lei av har kanskje aldri vore viktigare. Dei to neste månadane kjem til å vere kjedelege men det er viktig å halde ut litt til. 

Men det er håp, vi får vaksine kvar veke, og stadig fleire blir vaksinerte.

Det er godt håp om at om eit par månader så blir livet mykje kjekkare for oss alle saman, seier kommuneoverlegen.

Så vi kan ha tru på at sommaren blir kjekke, spør ordførar Sølvi Dimmen.

Kommuneoverlegen har tru på at sommaren kan bli kjekke. Det ser ut som om at den vaksne befolkninga kjem til å få tilbod om vaksine, om ikkje før sommaren så i alle fall i løpet av sommaren. Vidare seier ho at vi får stadig meir vaksine.
Vi held no på å vaksinere personar i gruppe 3, som er i alderen 75-84 år. Denne gruppa blir vi truleg ferdige med til påske.

I påskeveka vil vi truleg starte på neste gruppe som er ei todelt gruppe. Den omfattar personar i alderen 65-74 år. I tillegg  personar under 65 år med høg risiko.

Vi her på Sunnmøre er einige om å starte med personar med høg risiko først, og gjere oss ferdige med dei, fordi dei er ikkje så mange Så startar vi på 74-åringane, fortel Kalhol.

No veit vi litt om planen framover, seier Dimmen, og at vi trur at alle vaksne er vaksinert i løpet av sommaren. Vi veit at tiltaka kan endre seg veldig fort. Påska nærmar seg. Kva gjer vi i påska, spør Dimmen.

Vi bør vere heime svarar Kaldhol. Det er kjedeleg, men vi bør berre vere i lag med familien vår, den vi bur i lag med til vanleg.

Det er ikkje denne påska ein skal treffe familie og venar. 

Kva med studantar då, spør Dimmen. Vi har studentar som bur andre stadar i landet som vil heim til Volda og studentar som bur her som vil heim til sine. Kva skal dei gjere?

Det kjedelege rådet er at dei bør vere der dei er, svarar Kaldhol. Det er hardt og det er kjedeleg men det er det Høie og Nakstad sagt i dag. 

(I løpet av dagen 18.03.21 kom styresmaktene med ei lita endring, etter at denne videoen vart spelt inn. Der seier dei at «Studentar som studerer i område med høgt smittetrykk, bør ikkje kome heim».) 

Då er altså rådet at ein ikkje skal reise, konstaterer Dimmen. 

Det kan vere grunnar til at ein må reise. Eller at ein blir nær nokon som har reist. Vi kan alle bli utsett for smitte, sjølv om vi er veldig forsiktige.

Det er utruleg viktig at vi ikkje finn syndebukkar. For sjølv om vi følger alle råda vi får, så kan vi bli smitta. Vi har ingen garanti. Kommuneoverlege Kaldhol blir lei seg når ho høyrer at folk snakkar om syndebukkar. Vi kan alle bli smitta sjølv om vi følger alle råda så godt som vi berre kan.

Kva gjer vi vist vi kjenner at vi blir sjuke?. At vi får litt kløe i halsen eller litt snufs spør Dimmen.

Eller om vi får ein litt rar hovudverk eller dårleg mage, som er dei litt sjeldnare symptoma, held Inger Lise Kaldhol fram.

Då vil vi at ein tek kontakt med teststasjonen så snart som råd og får testa seg. Akkurat slik eleven ved vidaregåande skule gjorde, slik at vi fekk stoppa eit potensielt stort utbrot.

Hald ut litt til så blir det snart betre oppmodar kommuneoverlege Kaldhol.. 

Så oppsummerar Dimmen, då skal vi altså unngå å reise om du kan, hald avstand, vask hender og test deg om du har det minste symptom.

For kapasiteten ved teststasjonen, den har vi fått testa ut, og den er veldig god.

Då håpar vi at vi kan gå ei god smittefri helg og veke i møte.