Sjukepleiar /Vernepleiar 61 % fast stilling, ved Pile-/Kleppetunet ved Volda omsorgssenter

Bilete frå treningsrommet på Volda omsorgssenter - Klikk for stort bilete

Volda kommune har ledig stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved seksjon Pile-/Kleppetunet på Volda omsorgssenter.

(Biletet over er tatt i annan samanheng og blir her brukt som illustrasjon.)

Vi søkjer etter offentlig godkjende sjukepleierar/vernepleierar med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste. Vi treng inspirerte, glade og positive nye medarbeiderar som ynskjer seg nye utfordringar.

Arbeidsstaden er for tida i 2.etasje på Volda Omsorgssenter, seksjon  Pile/Kleppetunet, der vi har ledig 61 % fast stilling på Piletunet.

Denne seksjonen er for personer med demens som har eit ekstra behov for skjerming. Det er 18 bebuerar på seksjonen fordelt på to bugrupper. Desse bugruppene har eit godt samarbeid i det daglege. 
På Pile/Kleppetunet er miljøarbeid og det å sjå den einskilde bebuar i fokus. Personalet jobbar med ein tanke om at augeblikket sine gleder er viktige.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at pasientane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i eit tverrfagleg samarbeid med tilsynslege/fastlege, andre samarbeidspartar som fysioterapeut/ergoterapeut og heimebaserte tenester.
  • Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
  • Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
  • Bidra til å kvalitetssikre tenestene. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Oppgi HPR -nr i søknaden.
  • Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2). Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skriftleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, før oppstart i stillinga
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 
  • Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica 

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 911 44 863