Sjukepleiar /Vernepleiar 82 % fast stilling seksjon Otta/Karvestova

Bilete frå treningsrommet på Volda omsorgssenter - Klikk for stort bilete

Volda kommune har ledig stilling for sjukepleiar/vernepleiar i 82% fast stilling ved seksjon Otta/Karvestova på Volda omsorgssenter.

(Biletet over er tatt i annan samanheng og blir her brukt som illustrasjon.)

Vi søkjer etter offentlig godkjend sjukepleierar/vernepleierar med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste.

Vi treng inspirerte, glade og positive nye medarbeidarar som ynskjer seg utfordringar!

Kjenner du deg att i dette, ser vi fram til å få deg som vår medarbeider.  


Arbeidsstaden er for tida  i 3.etasje på Volda Omsorgssenter, seksjon Otta/Karvestova. Denne seksjonen har både  langtidsplassar og korttidsplassar. Det er 19 bebuerar på seksjonen fordelt på to bugrupper. Desse 2 bugruppene har eit godt samarbeid i det daglege. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for at pasientane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i eit tverrfagleg samarbeid med tilsynslege/fastlege, andre samarbeidspartnar som fysioterapeut/ergoterapeut og heimebaserte tenester.
  • Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
  • Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
  • Bidra til å kvalitetssikre tenestene
     

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Oppgi HPR -nr i søknaden.
  • Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2). Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skriftleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, før oppstart i stillinga
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 
  • Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica 

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Ann-Sølvi Heltne
avdelingsleiar
E-post
Mobil 911 44 863