Skiltplan for del av Volda sentrum – offentleg ettersyn

Forvaltningsutvalet har vedteke å legge skiltplan for ein del av Volda sentrum ut til offentleg ettersyn.

Klikk for stort bilete

Føremålet med planen er å løyse dei mest presserande utfordringane med omsyn til trafikkflyt og trafikktryggleik i eit område kring Sivert Aarflot-plassen og del av Storgata fram til rundkøyringa nord for sentrum.

Plandokumenta er tilgjengelege på kommunen si heimeside og på servicekontoret , Volda rådhus.

Skiltplan for del av Volda sentrum til offentleg (PDF, 708 kB) 

Skiltplan for del av Volda sentrum - sakutgreiing og vedtak (PDF, 605 kB)

Dersom du har innspel/merknadar til skiltplanen kan du sende dette til Volda kommune innan den 25.02.2019.

Send til postmottak@volda.kommune.no  eller til adresse, Stormyra 2, 6100 Volda