Skoging på øvre Rotset

Klikk for stort bilete

Volda kommune ber turgåarar om å vere forsiktige når dei ferdast i området ved Rotsetstranda når det pågår skoging.

Det vert skoging på Øvre Rotset Næringsområde, austsida av E 39, og ned til Rotsetstrand-vegen, i perioda frå 31. oktober til ca. 30. november 2018.

Volda kommune vil be publikum/turgåarar om å respektere oppsett skilting/sperring, og vere varsam når dei er i området!

Dette gjeld spesielt strekninga vegen i Rotsetstranda, frå krysset ved Myrtun (teknisk lager Volda kommune) / gamal raud garasje på oppsida av vegen, og ca. 370 m framover langs stranda, til kryss ved ny garasjetomt, der skogsvegen tek av oppover mot Kalsethola og Rotsethornet.

Når hogstmaskina og/eller tømmerbilen er i dette området, må turgåarar bruke «omvegen» rundt området, dvs, opp til E 39 langs Myrtun, langs parkeringslomme på E 39 opp til skogsvegen på oppsida av tunnelopninga, og ned skogsvegen til Rotsetstrandvegen (og motsatt om ein kjem frå Vassbotnen).

Men også opp langs skogsvegen mot Kalsethola/Rotsethornet kan det vere farleg når det pågår skoging (manuelt) eller når hogstmaskina er der.

Sjå kart over området:

Klikk for stort bilete