Smakar vatnet litt rart i dag?

Klikk for stort bileteVel, det har vi ei ganske god forklaring på!

Vi testar nemleg eit nytt kloranlegg ved vassverket. Denne testen er ein viktig del av beredskapen til Volda vassverk, som vi skal nytte i naudstilfeller der kvaliteten på drikkevatnet vert så dårleg at vi ikkje får reinsa det på vanleg måte.

Når vatnet vert klora, får det gjerne ein litt myraktig smak. Ikkje så veldig godt, men heilt trygt å drikke.

Og ta det med ro! Dette er berre testing og ikkje eit reelt reinsetilfelle.

Kvar gjeld dette?

Dette gjeld Volda sentrum, alle abonnentar tilknytt Volda vassverk.

Kor lenge vil vatnet smake annleis?

Ikkje lenge! Vi testar ut anlegget 5. og 6. juni. Etter det vil smaken normalisere seg i løpet av nokre timar.

Skulle det framleis smake rart 7. juni, så gi oss gjerne eit vink. Ta då kontakt med teknisk vakt på tlf. 901 78 008

Bør eg kjøpe vatn på butikken i mellomtida?

Det er opp til deg, men vatnet i springen kan fint drikkast sjølv om det smakar litt rart.