Smittevernråd for januar – aukande smitte gir høgare risiko

Klikk for stort bilete Pixabay Regjeringa kom med nye smitteverntiltak 3. januar grunna auka smitte i landet. 

Talet på registrerte tilfelle av Covid-19 i Noreg har auka jamt dei siste tre vekene. Risikoen for ytterlegare spreiing er stor. Difor kom regjeringa med nye innstrammingar og råd 3. januar. Dette stiller store krav til kvar enkelt av oss, seier kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol

Sjølv om vi har god kontroll på dei som har fått meldt om positiv koronatest her lokalt kan det vere fleire smittetilfelle enn dei vi kjenner til. Mange har vore i lag med fleire og gjerne folk frå andre stadar i landet. I tillegg har færre testa seg på grunn av mange heilagdagar. Vi må difor vere ekstra på vakt og ha omsyn til kvarandre.

Testkapasiteten er god, og beredskapen har fungert. Innbyggjarane tek smittevernet på alvor og er opptekne av å følgje regelverket. Det bidreg til den situasjonen vi har hatt lokalt til no, kommenterer kommuneoverlege Kaldhol.

Vil understreke smittevernråd

Ho er klar på at det framleis er eit stykke att på denne smittevernmaratonen, og at vi framleis må løfte saman for å kome i mål.

- Det er deg og meg, det vi gjer kvar for oss og saman, det handlar om, seier Inger Lise Kaldhol som vil understreke kva tiltak som vert viktige for starten på det nye året.

Ta test ved mistanke om smitte, etter reise og ved svake symptom

At alle har låg terskel for å teste seg er viktig for å ha oversikt over smittesituasjonen og det viktigaste grunnlaget for raske tiltak for å stoppe spreiinga av Covid-19.

Teststasjonen i Hovdebygda er open alle kvardagar om føremiddagen, kl. 09.00-14.00. Du kan bestille tid på nett http://helseboka.app/b/s/189947 eller på telefon 700 58 960

Du er velkomen til å ta test:

  • om du mistenkjer at du kan vere smitta,
  • om du kjem heim frå stadar med høgare smitte (Noreg eller utland),
  • om du har svake symptom på ein luftvegsinfeksjon.

Desto fleire som testar seg, desto betre oversikt har vi!

Råd til deg som har vore på reise

 

Når du kjem heim etter reise i Noreg, så hugs:

Mange stadar i Noreg har like høge smittetal som andre land.

  • Vi ynskjer at studentar som kjem tilbake til Volda etter ferie testar seg. 
  • Har du vore på reise i område med høg smitte, er du velkomen til å ta ein test!
  • Hald avstand, helst to meter. Ha færrast mogleg kontaktar med andre.
  • Dei eldre i familien kan du vente med å besøke til det er gått ti dagar.
  • Ved sjølv svake symptom, hald deg borte frå arbeid eller skule, og ta ein test. Gå ikkje på arbeid/skule att før du har svar på testen!
  • Det er gratis å teste seg sjølv om du ikkje har symptom!

Etter utanlandsreise gjeld spesielle reglar:

  • Frå 02.01.21 skal alle som har vore på reise i utlandet teste seg innan 24 timar ved innreise. Testinga vert utført på grensestasjonane, flyplassane osv.
  • Du skal vere i innreisekarantene.

Her finn du informasjon på mange språk.

Her finn du meir informasjon om karantene og isolasjon.

Regjeringa sine nye råd gjeld frå 04.01.21 til 18.01.21.

  • Ungdomsskule og vidaregåande skule skal drivast etter raudt nivå. Skulen informerer om dette særskildt til føresette og elevar.
  • Ingen private besøk i heimen dei neste to vekene. Unntak for nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase. Dei som bur aleine kan ha besøk eller gå på besøk til to faste venar eller til ein fast husstand. Barn i barnehage eller skule kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innendørs, vert tilrådd utsett til etter 18. januar. Dette gjelder også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/kohortar.
  • Utandørs idrettsaktivitetar kan gjennomførast når god avstand kan haldast.
  • Unngå alle unødvendige reiser både innanlands og utanlands.
  • Heimekontor for alle som har muligheit for det.
  • Det er innført skjenkestopp for alkohol i heile landet i denne perioden.
  • Reglane for private samlingar, idretts- og kulturarrangement , livssynssamlingar og seremoniar er stramma inn:
    • Maks 5 personar i private samlingar utanfor heimen,
    • Maks 10 personar for innandørs arrangement, men framleis 50 personar i gravferd, og 200 personar i sal med fastmonterte seter.

Les meir her.

Helse- og omsorgstenestene

Besøksretningsliner:

Bebuarar i institusjon og på Fjordsyn, Folkestadtun og Barstadtun bur ikkje aleine, dei er del av ein kohort dei bur saman med.  Vi vil sterkt oppmode om at nasjonale retningsliner vert følgt, der ein er bedt om at sosial kontakt skal reduserast til eit minimum. Vi ber om at digitale løysingar vert brukt som erstatning så langt råd i denne perioden. Ved alvorleg sjukdom er det ope for besøk etter avtale med seksjonsleiar.

Gruppetilbod:

Kommunen sine dagsenter vart holdt stengt måndag 4. januar. Desse vert opna att tysdag 05.01 med tilbod tilpassa nye nasjonale retningliner. Det vert individuell dialog mellom deltakarar og leiing for tilpassing av tilbodet. Dette gjeld dagsenter for eldre, Hamna dagsenter og tilbodet i prestegarden.

Heimebeserte tenester:

Heimebaserte tenester vert opprettholdt innanfor alle tenesteområder, men tenester som ikkje er heilt nødvendig vert vurdert utsett. Melding frå tenesta vert i slike tilfeller gitt individuelt. Tilsette vil ha ekstra sterkt fokus på smittevernreglane ved heimebesøk. Dei som må ha hjelp får hjelp.

Dei som har avtale på omsorgssenteret for behandling/teneste, som fysioterapi eller samtale med rus/ psykisk helseteneste vil få dette tilbodet. Det vert sterkt fokus på smittevernreglane i behandling/samtale. 

 

Helsestasjon for ungdom og studentar (HFUS)

Grunna forsterka nasjonale smitteverntiltak går vi over frå drop-in til timebestilling frå 050121 fram til 180121.

For å bestille time med helsesjukepleiar eller lege ring helsestasjonen på telefon: 70058820.

Vi har ope tysdagar og torsdagar frå 14.00-1630 og held til på helsestasjonen i underetasja på Volda rådhus.

Minner om at du må vere frisk og heilt symptomfri. Venner kan dessverre ikkje følgje med. 

Besøk på rådhuset

Vi oppmodar om å ta kontakt på e-post eller telefon, dei fleste tilsette har heimekontor. Dersom du skal møte fysisk på rådhuset så pass på å halde avstand.

Grunnleggjande smittevern

Husk å halde avstand og ha god handhygiene. Pass på kvarandre. Om du er sjuk må du teste deg og holde deg heime. Ta kontakt med dei som er aleine, oppmodar kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol.