Snøscooterløyve (transportløyve) i perioden 2021-2024

Snøscooterløyve (transportløyve) i perioden 2021-2024

 Utlysing av snøscooterløyve (transportløyve) i perioden 2021-2024

Tidlegare Volda kommune har for perioden 2017-2020 hatt ei ordning med tildeling av transportløyver for snøscooter til fire aktørar. Denne ordninga ønskjer Volda kommune å vidareføre for perioden 2021-2024. Vi ønskjer med dette at interesserte aktørar sender søknad om løyve (evt. fornya løyve) til transportteneseter med snøscooter for perioden 2021-2024. Søknadsfristen er sett til 20. november 2020. 

Dei som allereie har søkt om fornying treng ikkje å sende inn ny søknad.

Geografisk lokalisering vil, som tidlegare, telle positivt ved tildeling av løyve for transport med snøscooter. Nytt for den komande perioden er at ein også ønskjer å gje løyve til ein eller fleire aktørar i tidlegare Hornindal kommune. 

Søknad merkast med sak nr. 20/6161 og sendast skriftleg til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda eller pr e-post til postmottak@volda.kommune.no innan oppgjeven frist.

For spørsmål kontakt sakshandsamar på tlf. 941 59 680 eller e-post erlend.sporstol.vikestrand@volda.kommune.no