Søk om å bli medlem i ungdomsrådet

Klikk for stort bilete

No kan du søke om å få bli medlem i ungdomsrådet i Volda. Søknadsfristen er 1. november 2020

Ungdomsrådet i Volda er ungdommen sitt talerør ovanfor politikarane og det skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen.

Rådet skal representere ungdommen sine interesser i kommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker. 

 

Ungdomsråd er eit lovpålagd organ i kommune. Ungdomsrådet skal vere eit talerør overfor politikarar og beslutningtakarar, og skal ha ein rådgivande rolle for kommunen. Rådet skal representere ungdomen sine interesser i kommunen og har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom. 

Volda ungdomsråd består av medlemmar frå ungdomsskulane, vidaregåande skule, lag og organisasjonar og ungdomsklubben i Volda. 

Rettar og plikter som medlem i ungdomsrådet
Som medlem i ungdomsrådet har du rett til fri frå skulen eller fri frå jobb. Som medlem i ungdomsrådet har du plikt til å delta på rådet sine møte.
 

Til søknadsskjema. Søknadsfristen er 1. november 2020.