Spyling av leidningsnettet

Volda kommune held på med spyling av leidningsnettet. Denne veka skjer spylearbeidet i sona porsemyra.

Spylearbeidet vil pågå mellom kl 09.00 og 15.30.

Vatnet kan bli noko misfarga på grunn av spylinga. Ikkje vask klede eller bruk varmt vatn medan arbeidet pågår, mellom klokka 09.00-15.30.

Om vatnet er misfarga etter 15.30 bør du opne kaldvasskrana og lat det renne til det ser reint ut.

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med avdeling vatn og avløp på telefon til teknisk vakt: 90 17 80 08