Status 23. mars i Volda kommune

Klikk for stort bilete

Volda kommune har mottatt to nye positive prøvesvar på koronavirus. Det er totalt 3 som har testa positivt på koronavirus i Volda.

Kreiseleiinga har møte kvar dag kl 09.00. Det viktigaste bodskapet er framleis at alle må opptre på ein slik måte at dei ikkje sjølv vert smitta og heller ikkje smittar andre. 

  • 2 nye personar har testa positivt for koronavirus i Volda. Totalt 3 med positiv test i Volda pr 23.03.20.
  • Den eine er knytt til den første personen som testa positivt.
  • Den andre som har testa positivt er smitta innlands.
  • Volda kommune kjem ikkje til å gjere vedak om eigne karantenegrenser. Alle må opptre på ein slik måte at ein sjølv ikkje vert smitta og ikkje smittar andre.

Det er skrive pressemelding 23.03.20 (PDF, 278 kB) og det vert pressekonferanse kl 13.00. Den vert strauma og du kan sjå den her: https://volda.kommunetv.no/

Dersom du har spørsmål til kommunen kan du sende dei på: info@volda.kommune.no